Otta (tettstad)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Otta er ein tettstad og administrasjonssenter i Sel kommune i Gudbrandsdalen. Bystatus vart vedteke av kommunen i 2000. Tettstaden ligg der Ottadalen munnar ut i hovuddalen, om lag elleve mil nord for Lillehammer. Namnet er tatt frå elva Otta.
Otta er eit trafikknutepunkt for jernbane og buss. Det er godt utbygd industri, særleg trevare-, næringsmiddel-, stein- og grafisk industri. Turisme er også ein viktig næringsveg på Otta.
Ottamartna'n vert arrangert årleg i månadsskiftet september/oktober.
Kjelder
- Otta - tettsted i Store norske leksikon
- Faktaark fra Kartverket finnes.
Koordinater: 61.77117° N 9.53525° Ø