Austrheim skule (1)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Austrheim skule i gamle indre Nordstranda krins i Gloppen kommune. Indre Nordstranda og Fjellbygda var eigen skulekrins frå 1938. I 1870 vart ungane frå Sandane flytta til Austrheim. I 1891 vart Sandane på ny eigen krins. I 1890 vart Gloppestad overført frå Vereide krins.
Skulehuset
Skulehuset på Austrheim er eit av dei fyste skulehusa som vart bygd i kommunen. Bygget vart bygd etter teikningar som var lånt ut frå departementet. Skulen er ei sperrestove med gang, skulestove, eit lite kammers til læraren og eit lite loft. I gangen er det ei grue, og i skulestove står det ein jarnomn. Skulehuset var i bruk fram til 1910.
I dag står skulehuset på Nordfjord Folkemuseum på Sandane.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905.