Kristen Stalleland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Kristen Stalleland som ung mann
Foto: Ukjent

Kristen Stalleland (fødd 6. februar 1861 i Landvik i nåverande Grimstad kommune, død same stad 1949) var forfattar, redaktør og utgjevar, lærar og bonde. Han er mest kjend som grunnleggjaren av Norsk Barneblad i 1887. Målsaka stod fremst hjå han i hans engasjement i samfunn og kultur. Han har noko av æra for jamstellingsvedtaket frå 1885, dvs. stortingsvedtaket om at landsmålet skulle sidestillast med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».

Bakgrunn og familie

Kristen var eldst i ein syskenflokk på sju som vaks opp. Foreldra var Terje Terjeson Stalleland (1833-1908) og Åse Helene Persdotter fødd Igland (1840-1892). Dei to dreiv garden Stalleland i Øvre Landvik. Faren var aktiv på mange felt, og var mellom anna ordførar i bygda. Både faren og mora var sterkt engasjert i kristeleg arbeid. I 1877/1878 stod dei sentralt i skipinga av ei misjonsforeining som dei fyrste åra hadde fast møtestad på Stalleland. Morbror til Kristen var stortingsmann Nils Igland.

Kristen Stalleland gifta seg med Maren Tomine Hyrte i 1886. Ho var fødd på garden Hyrte i Landvik i 1862 og døydde på Stalleland allereie i 1891. Foreldra hennar var gardbrukarparet Salve Gjeruldson Hyrte (fødd 1833) og Aase Persdotter fødd Igland (1836-1899). Kristen og Maren Tomine fekk to døtrer. Aasa vart fødd i 1887, men døydde i ei ulykke som treåring i 1890. Aasa Helene vart fødd i 1889, men også ho døydde ung, i 1905.

Utdanning og tidleg yrkeserfaring

Fyrste skulegangen til Kristen var i omgangsskulen. Etter konfirmasjonen gjekk han ein vinter på amtsskulen i Fjære.<Aanby 13>Akkurat desse åra heldt Viggo Ullmanns folkehøgskule til i Landvik (1875-1880). Det er verd å leggje merke til at Stalleland valde amtsskulen i Fjære framfor folkehøgskulen i heimbygda. Det var klåre ideologiske motsetnader mellom den meir kristenkonservativt baserte amtsskulen og den grundtvigianske folkehøgskulen i desse åra. Frå oktober 1878 las Stalleland privat til mellomskuleeksamen i Lillesand, og tok eksamen i juni 1880. Om hausten det same året kom han inn på øvste gymnasklasse ”på latinskulen hans Holan i Marbugata” (Lillesand?). og tok eksamen artium i Kristiania i 1881. Han tok andreeksamen (førebuande prøver) ved Universitetet i 1882, og tok til på teologistudium. Han avbraut studiane hausten 1884 på grunn av sviktande helse.

Nå tok han til med ein del undervisning for vaksen ungdom, og las mellom anna med gutar til mellomskuleeksamenar. Han hadde ein del vikariat i folkeskulen.

Utgjevar og redaktør

I 1887 grunnla Stalleland det bladet som er blitt ståande som eit varig minne over han, Sysvorti, eller som det seinare vart heitande Norsk Barneblad. Han var både utgjevar og redaktør for dette fram til 1902, med unntak av åra 1895-1898, da han hadde overlate utgjevings/redaksjonsansvaret til Kristian Nordlid.

Det same året som barnebladet vart grunnlagt, starta Stalleland også ei avis, Nordmannen, som han gav ut saman med Kjetil Kjilland. Avisa kom fyrst ut i Grimstad, men flytta i 1889 til Kristiania med Kristian Nordlid som redaktør. Ho var starta som «ei motvekt til fritenkjeriet og anarkismen i Fedraheimen ».[1] Fedraheimen var landsmålsavisa som kom ut i Kristiania med Arne Garborg, Rasmus Steinsvik og Ivar Mortensson-Egnund i spissen. Nordmannen gjekk inn i 1891. Men ein debatt som vart starta medan avisa eksisterte, utgjorde noko av bakgrunnen for at både Nordmannen og Fedraheimen vart avløyst av nynorskavisa Den 17de mai.[2]

I åra 1888-1893 var Stalleland også redaktør av lokalavisa Grimstad-Posten, saman med Kjilland. Stalleland var knytta til avisa også etter redaktørperioden, mellom anna som medlem i styret.

Som 75-åring i 1936 vart Stalleland utnemnd til den fyrste heidersmedlemmen i den nynorske presseorganisasjonen Norsk Bladmannslag.[3]

Kjelder og litteratur

  • Hardeberg, Per Yngvar: «Kristen Stalleland» i Liv i Landvik 1987, Landvik historielag.
  • Igland, Alf Kjetil: «Kristen Stalleland – målmann og forteljar» i Liv i Landvik 2010, Landvik historielag.
  • Kleveland, Olav Arne: «Stor framgang – sterk tru på framtida. Målreisinga på Agder 1900-1940», i Agder Historielag. Årskrift nr. 82, 2006.
  • Norsk allkunnebok (1964).
  • Studenterne fra 1881 : Biografiske meddelelser samlede i anledning af deres 25-aars studenterjubilæum. Digital versjonNettbiblioteket .
  • Aanby, Anne Tone: «Eit mållag for si tid. Stiftinga av Egde- og Telelaget i 1899», i Agder Historielag. Årskrift nr. 82, 2006.


Referansar

  1. Hardeberg?
  2. Igland, A.K. 2010:124
  3. Hardeberg 212