Kristen Stalleland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristen Stalleland som ung mann
Foto: Ukjent

Kristen Stalleland (fødd 6. februar 1861 i Landvik i nåverande Grimstad kommune, død same stad 1949) var forfattar, redaktør og utgjevar, lærar og bonde. Han er mest kjend som grunnleggjaren av Norsk Barneblad i 1887. Målsaka stod fremst hjå han i hans engasjement i samfunn og kultur. Han er blitt tillagt mykje av æra for jamstellingsvedtaket frå 1885, dvs. stortingsvedtaket om at landsmålet skulle sidestillast med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».

Bakgrunn og familie

Bryllaupsbilete 1886.
Foto: Ukjent. Gjengitt frå Liv i Landvik 1987.

Kristen var eldst i ein syskenflokk på sju som vaks opp. Foreldra var Terje Terjeson Stalleland (1833-1908) og Åse Helene Persdotter fødd Igland (1840-1892). Dei to dreiv garden Stalleland i Øvre Landvik. Faren var aktiv på mange felt, og var mellom anna ordførar i bygda. Både faren og mora var sterkt engasjert i kristeleg arbeid. I 1877/1878 stod dei sentralt i skipinga av ei misjonsforeining som dei fyrste åra hadde fast møtestad på Stalleland. Morbror til Kristen var stortingsmann Nils Igland.

Kristen Stalleland gifta seg med Maren Tomine Hyrte i 1886. Ho var fødd på garden Hyrte i Landvik i 1862 og døydde på Stalleland allereie i 1891. Foreldra hennar var gardbrukarparet Salve Gjeruldson Hyrte (fødd 1833) og Aase Persdotter fødd Igland (1836-1899). Kristen og Maren Tomine fekk to døtrer. Aasa vart fødd i 1887, men døydde i ei ulykke som treåring i 1890. Aasa Helene vart fødd i 1889, men også ho døydde ung, i 1905.

Utdanning og tidleg yrkeserfaring

Fyrste skulegangen til Kristen var i omgangsskulen. Etter konfirmasjonen gjekk han ein vinter på amtsskulen i Fjære.<Aanby 13>Akkurat desse åra heldt Viggo Ullmanns folkehøgskule til i Landvik (1875-1880). Det er verd å leggje merke til at Stalleland valde amtsskulen i Fjære framfor folkehøgskulen i heimbygda. Det var klåre ideologiske motsetnader mellom den meir kristenkonservativt baserte amtsskulen og den grundtvigianske folkehøgskulen i desse åra. Frå oktober 1878 las Stalleland privat til mellomskuleeksamen i Lillesand, og tok eksamen i juni 1880. Om hausten det same året kom han inn på øvste gymnasklasse på «latinskulen hans Holan i Marbugata» (Lillesand?). og tok eksamen artium i Kristiania i 1881. Han tok andreeksamen (førebuande prøver) ved Universitetet i 1882, og tok så til på teologistudium. Han avbraut studiane hausten 1884 på grunn av sviktande helse.

Nå tok han til med ein del undervisning for vaksen ungdom, og las mellom anna med gutar til mellomskuleeksamenar. Han hadde ein del vikariat i folkeskulen.

Utgjevar og redaktør

I 1887 grunnla Stalleland det bladet som er blitt ståande som eit varig minne over han, Sysvorti, eller som det seinare vart heitande Norsk Barneblad. Han var både utgjevar og redaktør for dette fram til 1902, med unntak av åra 1895-1898, da han hadde overlate utgjevings/redaksjonsansvaret til Kristian Nordlid.

Det same året som barnebladet vart grunnlagt, starta Stalleland også ei avis, Nordmannen, som han gav ut saman med Kjetil Kjilland. Avisa kom fyrst ut i Grimstad, men flytta i 1889 til Kristiania med Kristian Nordlid som redaktør. Ho var starta som «ei motvekt til fritenkjeriet og anarkismen i Fedraheimen ».[1] Fedraheimen var landsmålsavisa som kom ut i Kristiania med Arne Garborg, Rasmus Steinsvik og Ivar Mortensson-Egnund i spissen. Nordmannen gjekk inn i 1891. Men ein debatt som vart starta medan avisa eksisterte, utgjorde noko av bakgrunnen for at både Nordmannen og Fedraheimen vart avløyst av nynorskavisa Den 17de mai.[2]

I åra 1888-1893 var Stalleland også redaktør av lokalavisa Grimstad-Posten, saman med Kjilland. Stalleland var knytta til avisa også etter redaktørperioden, mellom anna som medlem i styret.

Som 75-åring i 1936 vart Stalleland utnemnd til den fyrste heidersmedlemmen i den nynorske presseorganisasjonen Norsk Bladmannslag.[3]

Forfattar

Kristen Stalleland gav ut ei lang rad bøker i tidsrommet 1885-1935. Det var mest barnebøker, originale og i omsetjing frå tysk og engelsk. Ein del av hans eige stoff var slikt som tidlegare var publisert i barnebladet. Mange av Stallelands forteljingar vart brukte i lesebøker for folkeskulen (Austlids og nynorskutgåva av Nordahl Rolfsens).

I tillegg til barnelitteraturen gav Stalleland ut m.a. ein biografi om Kristian Lofthus (1935), nokre agitatoriske skrifter for landsmålet, lokalhistorie om skulen og kyrkja i Landvik med meir.

Bonde

I jubileumsboka for studentane i 1881 (1906) skriv Stalleland:

«…den grunntanken, som hev bore alt mitt ringe arbeid, hev fraa fyrste stundi vore: Reising av norske bønder – sjølv bonde.»

Han var sjølv bonde frå 1900, da han overtok farsgarden, og til i 1930-åra, da han overlet garden til brorsonen Torjus Stalleland. Kombinasjonen skrivearbeid og gardsdrift gjekk kanskje utover båe delar. Stallelands hovudinteresse var nok det idealistiske arbeidet som ytra seg i presseverksemda, bokutgjevinga og organisasjonsarbeidet for målsaka og andre ideelle føremål. Men han gjer sjølv bondebakgrunnen til ein ideologisk motivasjon for også sitt ideelle arbeid:

«…drykk og storkarsgjerd hev sett bonden til atters. Kapitalist og skogspekulant – ja, endaa til utlendingar – nøyter armodi hans og slær under seg gardarne, snøyder skogen og øyder bygderne for folk. Det vert armod for heile landet. Mot dette trengst bondereising. Avhaldssaki m.m. er vaagi og vaagmaten, maalsaki sjølve reisingi, det trottuge arbeidet i skog og mark det vaapen som vinn sigr og ber landet vaart til trivd og trygd.»

Målsaka

Stalleland var blant dei tidlege og viktige aktivistane i arbeidet for landsmål/nynorsk. I Kristiania i studietida var han med og skipa det fyrste studentmållaget, Frumsekalven (den fyrste kalven), saman med Bernt Støylen, Anders Hovden, Ivar Mortensson-Egnund og Anders eller Johan Lavik.[4] Han hadde i denne tida personleg kontakt med Ivar Aasen.[5]

Stalleland representerte Aust-Agder i det fyrste styret for Egde- og Telelaget som vart skipa på Vigmarken amtsskule i Landvik i 1899. Det var eit regional paraplyorganisasjon for målrørsla i dei to Agder-fylka og Telemark. Stalleland stod sentralt i arbeidet til Egde- og Telelaget heilt til vart oppløyst i 1907.[6]

Det same året som Egde- og Telelaget var skipa, fekk Stalleland i gang eit lokalt mållag i Landvik.

Det er med god grunn vore framhalde at Stalleland var den som for alvor sette i gang prosessen som førde til det stortingsvedtaket av 12. mai 1885 som gjorde landsmål og riksmål likestilte i offentleg bruk. Stalleland hadde nemleg skrive ein artikkel i Fedraheimen 31. september 1884 der han kravde «heil og jamgod rett for norsken i skule, tingsal og kyrkje». Han fekk sendt eit lokalt vedtak om dette kravet til Stortinget gjennom Det Norske Samlaget, og Landvik Venstre gjorde slikt vedtak som vart referert i Fedraheimen og Dagbladet. Andre lag rundt omkring i landet gjorde liknande vedtak. Det vart danna ein opinion for jamstelling som venstrefleirtalet på Stortinget slutta seg til ved vedtaket som kom eit drygt halvår etter Stallelands «kamprop» i Fedraheimen.

Den mest udiskutabelt store innverknaden Kristen Stalleland har hatt for utbreiinga av nynorsken, er likevel at han gjennom Norsk Barneblad, gjennom lesebøker for folkeskulen og sine eigne bøker gjorde born og unge over store delar av landet fortrulege med nynorsk som skriftspråk.

Anna samfunnsengasjement

Både som yrkesutøvar og idealist gjorde Stalleland ein samfunnsinnsats også på andre omkverve enn målsaka. Han var aktiv i bondelag, skogutval og skogråd. Han var med og fekk i gang Landvik trelastsamlag (seinare kalla Landvik Skogeigarlag). Han var med og stifta det lokale fråhaldslaget Sverre i 1883, og var mangeårig formann der. Han sat i styret for Nedenes krins av det norske avhaldslaget. Han gjorde ein kommunal innsats som heradsstyremedlem og formann i likningsnemnda o.l. Politisk sokna han til Venstre.

Bibliografi

(Hardeberg, P.Y. 1987:211 og Wikipedia)

  • 1885: Ei bønebok, omsett frå tysk, og noko av han sjølv
  • 1887: Soger fyr born (omsett og originalt)
  • 1889: Fire Bilæte med morosam Lesnad fyr Born (omsett)
  • 1890: Æventyr med bilæte : fyr born (omsett)
  • 1892: Den ørlitle havfrua (omsett frå tysk)
  • 1897: Vesle Hallvard
  • 1899: Bær åt born
  • 1900: Utvalde barneæventyr (etter Grimm)
  • 1901: Storverki hans Herakles (omsett frå engelsk)
  • 1906: Landsmål og norsk-dansk til skulemål i Landvik (brosjyre)
  • 1907: Soga um Aladdin og den underlege hola : eventyr or «Tusund og ei natt» (omsett frå engelsk)
  • 1912: Liv i Landvik
  • 1923: Riksmaalstrollet i vaar soga og folkeliv
  • 1926: Olav og dei
  • 1929: Sysvort-Svall : sogor og anna
  • 1930: Hans hin hepne
  • 1930: Når hjarta er godt (omsett)
  • 1935: Soga om Kristian Lofthus
  • 1948: Guten frå Amsterdam (omsett)

Kjelder og litteratur

  • Hardeberg, Per Yngvar: «Kristen Stalleland» i Liv i Landvik 1987, Landvik historielag.
  • Igland, Alf Kjetil: «Kristen Stalleland – målmann og forteljar» i Liv i Landvik 2010, Landvik historielag.
  • Kleveland, Olav Arne: «Stor framgang – sterk tru på framtida. Målreisinga på Agder 1900-1940», i Agder Historielag. Årskrift nr. 82, 2006.
  • Norsk allkunnebok (1964).
  • Studenterne fra 1881 : Biografiske meddelelser samlede i anledning af deres 25-aars studenterjubilæum. Digital versjonNettbiblioteket .
  • Aanby, Anne Tone: «Eit mållag for si tid. Stiftinga av Egde- og Telelaget i 1899», i Agder Historielag. Årskrift nr. 82, 2006.
  • Kristen Stalleland i Historisk befolkningsregister

Referansar

  1. Hardeberg?
  2. Igland, A.K. 2010:124
  3. Hardeberg, P.Y. 1987:212
  4. Hardeberg, P.Y. 1987:209.
  5. Igland, A.K. 2010:119-120
  6. Aanby, A.T. 2006:14.