Paul Bergh

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Paul Bergh (fødd 1847 i Hof i Vestfold, død 1890) var skulemann.

Bergh studerte realfag, men fekk ein helseknekk, så han laut gje opp tanken på embetseksamen. Han tok lærararbeid på mellomskular, fyrst i Sarpsborg, så i Grimstad.

I 1881 sette han i gang eit realgymnas ("studentfabrikk") i Kristiania. Seinare vart han styrar på ein mellomskule i Førde, og i 1886–88 dreiv han ein folkehøgskule på Halsnøy, sette så i gang ein "studentfabrikk" på Voss, i lag med Johannes Lavik.

Bergh var ein særmerkt lærar, med stor givnad i å gjera opplæringa fengjande. Han var kjent som eit matematisk talent[1].

I 1860-70-åra gav han ut skrønesamlingar og gateviser, under psudonym. Han skreiv òg dikt og småstykke for amatørteater. På landsmål gav ut han boka Lausøyre. Fire skissor (1888).

Kjelder og litteratur

  • Eskeland, Severin: artikkel i Norsk allkunnebok band III, sp. 958–959. Oslo 1952.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!
  1. Kristian Prestgard i boka Fra Heidal til Decorah s. 67.