Paul Bergh
Paul Bergh (fødd 1847 i Hof i Vestfold, død 1890) var skulemann.
Han var son av lege Carl Johan Irgens Bergh og Julie Augusta Halling.
Bergh studerte realfag, men fekk ein helseknekk, så han laut gje opp tanken på embetseksamen. Han tok lærararbeid på mellomskular, fyrst i Sarpsborg, så i Grimstad.
I 1881 sette han i gang eit realgymnas ("studentfabrikk") i Kristiania. Seinare vart han styrar på ein mellomskule i Førde, og i 1886–88 dreiv han ein folkehøgskule på Halsnøy, sette så i gang ein "studentfabrikk" på Voss, i lag med Johannes Lavik.
Bergh var ein særmerkt lærar, med stor givnad i å gjera opplæringa fengjande. Han var kjent som eit matematisk lys.[1]
I 1860-70-åra gav han ut nokre skrønesamlingar og gateviser, under pseudonym. Han skreiv òg dikt og småstykke for amatørteater. På landsmål gav ut han boka Lausøyre. Fire skissor (1888).
Referansar
- ↑ Kristian Prestgard i boka Fra Heidal til Decorah s. 67.
Kjelder og litteratur
- Eskeland, Severin: artikkel i Norsk allkunnebok band III, sp. 958–959. Oslo 1952.
- Paul Bergh i Historisk befolkningsregister.
|