Torgils Bu

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Torgils Bu (fødd 1857 i Kinsarvik (no Ullensvang herad), død 1939) var lærar og bladmann. Han var son til Tobias Larsson Bu og Eli Knutsdotter Lussand og voks opp på Bu.

Frå attenårsalderen var han med på jaktefart på Nordland. I 1887 fekk Torgils nervefeber og låg fleire månader på sjukehus i Bergen. Da han vart frisk, reiste han til Askov folkehøgskole i Danmark og var der i to år. Planen var å bli lærar i ungdomsskulen, og i 1890 vart han lærar på Ullensvang folkehøgskule på Lofthus. Der arbeidde han til 1898. Samstundes styrte han Søndre Bergenhus Folkeblad.

I 1901 skipa Torgils ungdomsbladet Fjordguten. Fjordguten gjekk etter kvart inn i Vøringen på Stord, og Torgils flytte til Leirvik. I 1906 sette han i gang Vestlandske Folkeblad – frå 1919 Søndhordlandske Tidende – og styrte bladet til 1930. Tre år etter flytte han heim til Kinsarvik.

Kjelder og litteratur

Halldor O. Opedal: omtale i Hardingar på sjøen (1968/1995).