Ullensvang kommune
Ullensvang kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1231 |
Fylke | Hordaland |
Kommunesenter | Kinsarvik |
Areal | 0 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 0 km² |
Folketall | (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Sammenslåing(er) | 1964: Kinsarvik, Åsgrenda i Kvam og Eidfjord innlemma |
Fradeling(er) | 1977: Eidfjord utskild |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Det tidlegare Ullensvang heradshus i Kinsarvik. Foto: Jan-Tore Egge
|
Ullensvang kommune ligg i Hardanger i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland). Ullensvang grensar til Vinje i Vestfold og Telemark i søraust, kommunane Sauda og Suldal i Rogaland i sør, Etne i sørvest, Kvinnherad i vest, Kvam i Hardangerfjorden i nordvest, Voss herad og Ulvik i nord og Eidfjord i nordaust.
I 1964 vart gamle Ullensvang, Kinsarvik med unntak av Kvanndal, Åsgrenda i Kvam kommune og Eidfjord samanslegne til ein ny storkommune. I 1977 vart Eidfjord utskild som eigen kommune. I samband med Solberg-regjeringa si kommunereform vedtok Ullensvang, Odda og Jondal å slå seg saman under namnet Ullensvang. I samband med dette vart namnet endra frå Ullensvang herad til Ullensvang kommune.
Kommunen har sju tettstader: administrasjonssenteret Odda, Tyssedal, Skare og Røldal i tidlegare Odda, Kinsarvik og Lofthus i tidlegare Ullensvang og Jondal i tidlegare Jondal kommune.
Ullensvang er den viktigaste fruktdyrkingskommunen i landet. Turisme er òg ein viktig næringsveg.
Galleri
- Arbeidarbustadar i Odda.Foto: Leif-Harald Ruud (2023).
Kjelder og litteratur
- Heimeside.
- «Ullensvang» i Store norske leksikon
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2016.
- Hnytt.no: «Slår seg sammen med Ullensvang og Odda» (publisert 6. oktober 2016).
|