Kjeldearkiv:1923-04-08 Brev frå Kleiven til Prestgard

1923-04-08 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætra 8/4. 1923.

Kjære gamle ven!

Stor takk for de huglege breve som de gledde meg storleg aa faa nettup med de sama eg kom heim att fraa ei samlarferd i Faaberg og Øyer, trøtt og slitin og berre saa halvt i falle med humør. For de var aa kalle for ei laak ferd – de ber te aa skrapa ned paa botnen i alle bygdom med folkeminnom, vissa der eg har drivi og skrapa førr. Og saa var de gjildt aa faa ein slik kveik “attepao” som breve ditt, dei er alle tider ein stor hugnad og uppkveik for meg og vekkjer liv i gamle, kjære minner eg kan leva stort paa i dagevis.

Denne venda var de meir hell vanleg forkunt aa faa brev fraa deg og eg sette meg fast forr, aa sende deg ein epistel foruttan lang drygjing – ikje for di skuld, at du gjet um at de vil vera ei velgjerd taa meg at eg skriv, nei te vanleg skal Vorherre veta, at de er ei tunn velgjerd eg gjer mine venner naar eg skriv brev aat deim. Kjeisamd turrmat, prat og snakk; men eg tenkjer meg, at breva mine er deg ei velgjerd paa ei annor gjerd, um ein ser heilt burt fraa innhalde i dei: de smakar av fugl, sa kjeringa – dei vekkjer minner fraa unge dagar fraa heimlande og heimbygda, fraa naturen og live i fjell og i dal. Og fraa meg sjøl veit eg saa inderleg vel kva de har paa seg, aa leva uppatt nokre av sine beste stunder, de kan kjennast som ei laug ein skyljer av seg sot og røyk og gamal dumbe, som har lagt seg paa sjæla i den kjeidsamde striden for live. Og kan eg med aa prate med blek eit lite bel hjelpe te aa skaffe deg ei slik hugnadstund, skal de vera deg meir hell vel unt.

Kan hende de er ein annan tanke, òg, som rør for meg – du likesom slær fast, at i 1924 kjem du ei ferd heim og vil gjeste oss bygdafolk og stugugriser – eg sette nok i tankom upp baade eitt og tvau spørsmaalsteikn etter, da eg saag de – jau, saa tenkte eg: best aa halde den tanken varm saa han kann faa røte seg tegagns! Bruke alleslag dragplaast, millom anna brev som ikje gjev ’om fred: kanhende han endeleg eingong lyt tê, likevel. Ser du de! – eg ser nok ikje saa dum ut som eg er, eg, som mannen sa – og saa skulde no dette vera likesom fyrste plaastlappen.

Fælt saa gjæv baade du og mange andre held “Heimegrendi”! Ja, ho fekk svært te lovord fraa alle leier med di sama ho kom ut, au, men eg tenkte meg, at de kunde vera mykje for aa gjeva ein ukjend aa ny bokskrivar meire mod, men seinar har eg fa[a]tt meire tru paa, at arbeide har nogo verddaagaa, likevel. Eg har ofte faatt brev og lovord um boka. Kjem ikje her i vinter ein gamal jærbu, ein lærar i Kristiania[1] med eit takkekort for “Heimegrendi”, som han fyrst da hadde lese! mangt i boka, seier han, hadde han upplevt sjøl og han hadde vorte sers glad i dessa skildringom mine. Eg lyt mest seja som Runeberg sa ein gong: “kvar eg fær hører jag de sjungar “Vårt land, vårt land”, de må vara en dugtig visa, det!” Ei Heimegrend tê, ja – vyrkje ligg reide berre eg fær tid te aa skrive de um att og bruke sandpapir og smergellereft og haaspord. /Du veit vel ikje kva haaspol er, du maata, de er sporden av haifisken, den var saa reint uturlagje glup aa finpusse treskeier med siste umgangen, sa’n Gamel-Hans nørdre Kleiven, – kvassar og finar hell skjefta, au./ De er mykje minner um “samliv med kjendte mænd” (slike som Hansliguten og ein 7–8 egte bygdaseller tê), um gjestbo og gravøl, gomolt fiskarliv ved Flatningen, ymse fraa gardsarbei, heimeliv og m. m. De kunde vera vyrkje te “ei dugtig visa” um eg berre ikje har trêne vel mykje baade i toppen og i rota; naar ein kjem saa nære innaat dei 70 stivnar gjenne baade tanke og kjenslor. Men trur du ikje, at breve ditt sette slikt skot i meg, at eg fann fram denne lefsa med Heimegrendvyrkje her ein dag og arbeidde ihop (“knoda” ihop deige) 2 utkast te “Ved Flatningen”! Og saa tok eg den avgjerda, at eg i heile somar kjem skal nytte kvar stund eg kan maa i von te aa arbeie paa desse minnene – saa fær de vaage seg um de kan bli ei “dugtig visa”.

Og de er ellest mangt aa gjera naar berre ein kunde ha von um aa vera frisk og røkjen te kropp og sjæl te ein var saa umkring 100 aar. “I gamle daagaa” har no vore utseld i 5 aar og de er ikje saa langt imillom ein og annan skriv aat meg og spør, um eg ikje paa ei hell onnor gjerd kan skaffe boka. Her trengst de saaleis ei ny utgaave, men etter boka kom ut i 1908 har eg sanka ei stor mengd med nytt vyrkje som lyt fellast inn, og som i mange maater vil gjera boka mykje meire verd som kulturskildring. Dette vil ta tid veit du og eg har teke te aa grubla paa, aa faa tak i ein ungdom eg kunde bruke te avskrivar. For mange aar sia baud han Kr. Holbø seg te hjaa Aschehoug (W. Nygaard) aa illustrere ei ny utgaave av I gamle d; den gongen var ikje boka utseld og forleggjaren ga ikje nogo visst svar. No skulde de nok vore gjildt aa faatt boka godt illustrert og de kunde Holbøn vore rette mannen te, men eg er ikje saa heilt overtydd, um han har si sterke side i den veigen – dølasangane aat Storm tykkjer eg vitnar um ymse, og de sama er te-felle med mange andre tekstbilæte, eg har sêt etter honom framigjenom aara. Ein annan ting er de, at ein heil haug med bilæte vilde gjera boka saa dyr, at dei fleste bygdafolk ikje vilde belle aa kjøpe ho – og bygdabøker skulde no nettup vera folkebøk. Saa de er paa ei gjerd saaleis med desse som Strilen sa: “de eine var hardt og de andre var kvasst”, eg veit ikje kva eg skal tenkje meg te aa velja.

“Lesja og Dovre” held paa og “kjem”, ja, akkurat som raatjyro, ein av dagane senda eg 17de korrekturarke, men de staar enno att minst 5 ark. Og imorgo ser de ut te aa bli heil typografstreik, saa Vaarherre veit naar de siste av boka kan bli prenta. Fyri jul var de streik, au, i 7–8 vikur saa “Lesja og Dovre” hadde ei lang dugurskvild, kanskje no bli ho enno lenger. Ikje for di, eg har meir hell nokk arbei, men de er harmeleg aa veta, at folke paa L. og D. ventar aa sjaa kva de er eg har smurt ihop um by[g]dene derest.

Eg har faatt katalogen over blomsterlauken og kan sjaa, at de er storfine vokstrar døkk fær fram; no skjønar eg meg paa blomstrer paalag som katta paa salt, som de heiter, og taa kvinnfolkom har eg gjønnom tidene faatt meir hell einn snøyp for di eg ikje har “sands” for blomster og naar eg gat um, at eg kjennde meg uverd i eit rom med saamykje blomster, at eg laut leite meg fram med tunnkanten fyri for ikje aa stangast med dei, saa saag dei paa meg som ein villmann fraa sudhavsøyom. Ofte gjorde eg meg da enno verre enn eg er, og fortalde, at de var ikje andre blomar eg brydde meg um hell dei ville markblomar, nemnde gjenne da tolorm, sjauskjer og gullborste. Men eg har ellest ofte gaatt uppaa Santhanshaugen i hugustaden og gledt meg taa aa sjaa paa dei fine sengjer med blomsterlauk dei har der umkring utsik[t]staarne og eg skjønar vel, at aa elske upp slike fine slag er eit forvitneleg arbeid som ein kan bli glad i og faa levande hug te. Og etter de du skriv lyt de attaat vera eit arbei, som kan løne seg, au – skal sjaa du endar som ein rik mann av de! Naar berre ikje gladiolane kjem te aa koma attiveig for deg naar du skal paa heimferda i 1924! um saa gale skulde hende, skal de bli lese Pauli ord over deim paa denne sida aat have!

I Amerika har døkk vel alt vaaren no, her i verda, og vissa i Bønesline, har vi klaare vintren baade høgt og laagt; men sia midten taa mars har de mest kvar einaste dag vore klaar himil og blankt solskin og i slikt vêr er de overlag vakkert i fjelle. De er kaldt um netene og har enno ikje vore “ein tiê morgo” og da de var ein stor snovinter denne siste, er de att mykjy snø aa bræe burt. De er nok lang solgang her no, fraa 6 um morgon te 6 um kvelden, men fær ikje sola hjelp taa egte godver attaat, saa vil de gaa seint vi fær berr mark. I Bringsfjelle ber de te aa bli svart over dei høgste og snaudrivne skoltane og rundt veggjene glytta berre bakkjin upp – skjor og kraake driv og byggjer, orren byrjar laate og fleire og fleire vaarmerkjer tèr seg, saa vi tek te aa ha godt i ventom baade ner i dalen og heruppi. Men april er oftast ein ustø herremann og de kan hende han har nogo taa kvart aa bjo paa frametter.

Med de fyrste skal eg ut paa “overhøyring” att og da gaar ferda aat Kvam, Sydorp [sic] og Sør-Fron; store voner um godt te-fang gjere eg meg ikje just, men vonar likevel, at de skal vera meir feitt paa beinom der i grendom enn de var i Faaberg og Øyer. Eg skal sende deg ei melling um utfalle naar de lid noko lenger fram.

Fraa Ola Aasmundstad har eg ikje høyrt nogo sia i fjor-vaar, men han er i full sprækleik og bur i de fine huse sit, “Borg” som de heiter etter bustaden hans Egil Skallagrim. Etter ei skjeivferd for nokre aar sia, er høgre handa saa stiv, at han ikje har lett for aa skrive og te-take hans i den veigen er hellikje meir hell maateleg – men du vilde gjera vel um du skreiv eit brev aat ’om, de veit eg, for han spør altid etter deg naar vi raakast. Skriv åt ’om med de fyrste! – adressa er Kvikne-Skåbu, Vinstra. Etter som eg saag ein dagen i “den 17de mai” skal Njaala koma ut i nytt upplag – de meste av 1ste upplage brann upp i Bergen. Aasmundsta’n har saamykje gamalt og godt fraa Kvikne som endeleg skulde vore utgjeve som serskild bok, men trur du, han gjer de! enda eg ofte har masa med ’om med di.

Ja no tenkjer eg denne “velgjerda” er lang nok – baade papire, pennen og bleke med er saa staurote idag, at eg tenkjer du vil ha nok med aa brøyte deg igjønom.

Hjarteleg helsing fraa Paal og

din gamle

Ivar Kleiven

  1. Truleg Torkell Mauland.