Leon Lopez
Leon Lopez, òg skrive Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Noreg i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844 var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan føre Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket.
Bakgrunn
Tildragelsen ved Lütkens Billiardsalong
Første gongen vi hører om Leon Lopez i Noreg var da han og Emanuel Philipsen budde på Madame Grues pensionat. Om han hadde vore der før eller ikkje veit vi ikkje, men det er ikkje urimeleg å mistenkje det, ettersom madam Grue var kjent for ikkje å vera nøye på «Navn, Stand eller Nation». Men under dette opphaldet besøkte dei Lütkens biljardsalong på Stortorvet, og var med på ein runde pung ut!. Da dei vann, vart politiet tilkalla på grunn av påstand om juks. Påstanden vart fort påvist som grunnlaus, men da ropa harpespelaren, madam Petersen, ut: «De ere Jøder!» og Lopez og Philipsen vart arrestert med grunnlag i Grunnlovas paragraf 2.
Arrest og rettssak
Reising etter hausten 1844
- Den Norske Rigstidende, 19. desember 1844: «Til Christiania ankomne Reisende. [...] Portugisisk Jøde Leon Lopes fra Bergen i Hotel de Copenhague.»[1]
- Morgenbladet, 5. februar 1850: «Anmeldte Reisende. Den 4de Februar: [...] Leon Lopes fra Hamburg [...] i Hotel de Copenhague».[2]
Referansar
- ↑ Den Norske Rigstidende 19. desember [[1844 på nb.no
- ↑ [ Morgnbladet, 5. februar 1850] på nb.no
|