Leon Lopez

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Leon Lopez, òg skrive Leo, Lion og Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar, optikus og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Noreg i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan føre Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket.

Bakgrunn

I Bratsberg-Amts Correspondent les vi:[1]

[...] Leon Lopez, af Profession Chemiker, forklarede at han var født i Hamburg, var Portugisjøde, havde opholdt sig nogen Tid i Finland og nu sidst i Gøtheborg, hvorfra han var kommen hid til Norge for at sælge sine chemiske Fabricata.

Tildragelsen ved Lütkens Billardstue

Første gongen vi hører om Leon Lopez i Noreg var da han og Emanuel Philipsen budde på Madame Grues pensionat. Om han hadde vore der før eller ikkje veit vi ikkje, men det er ikkje urimeleg å mistenkje det, ettersom madam Grue var kjent for ikkje å vera nøye på «Navn, Stand eller Nation». Men under dette opphaldet besøkte dei Lütkens biljardsalongStortorvet, og var med på ein runde pung ut!. Da dei vann, vart politiet tilkalla på grunn av påstand om juks. Påstanden vart fort påvist som grunnlaus, men da ropa harpespelaren, madam Petersen, ut: «De ere Jøder!» og Lopez og Philipsen vart arrestert med grunnlag i Grunnlovas paragraf 2.

Arrest og rettssak

Reising

Leon ( ~ Lion, L) Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske aviser fleire gonger i 1840- og 1850-åra, både åleine og i følgje med broren Abraham Lopez, som seinare gifta seg med Charlotta Feit og busette seg i Stockholm.

  • Morgenbladet, 5. februar 1850: «Anmeldte Reisende. Den 4de Februar: [...] Leon Lopes fra Hamburg [...] i Hotel de Copenhague».[15]
  • Morgenbladet, 29. januar 1851: «Anmeldte Reisende. Den 28de Januar: [...] Leon Lopes fra Hamburg i Hotel de Copenhague».[16]
  • Christiania-Posten, 29. januar 1851: «Anmeldte Reisende den 28de Januar: [...] L. Lopes fra Hamburg i Hotel de Copenhague».[17]

Referansar