Peder Rasmussøn (d. 1640)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Peder Rasmussøn (død 1640) var sokneprest i Volda prestegjeld frå kring 1600 til sin død, og er nemnt som prost i 1615 og 1625. Han var òg salmediktar, og er ei av dei aller første norske salmediktarane etter reformasjonen som vi har tekstar etter.
Han vart fødd på Ytre Fure i tidlegare Selje kommune, no Stad kommune, og var bondeson.
I 1630 fekk han prenta fire åndelege viser, eller salmer, i København; den gongen var det ingen prenteverk i Noreg. Dette prentet vart nokre år seinare bunde inn i Peder Rafns visebok, som i dag er på Nasjonalbiblioteket. Alle dei fire visene er omarbeida Davidssalmar.
Litteratur og kjelder
- Peder Rafns visebog. København. 1617. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Tunold, Solveig: «Norske forfattere i Peder Rafns visebok» i Festskrift til Francis Bull på 50 årsdagen. Utg. Gyldendal. Oslo. 1937. Digital versjon på Nettbiblioteket.