Stad kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei på deg! Denne siden heter Stad kommune

Stad kommune
Stad komm.png
Basisdata
Kommunenummer 4649
Fylke Vestland
Kommunesenter Nordfjordeid
Areal 809.97  km²
Areal land 752.78  km²
Areal vatn 57.19  km²
Folketal 9 440 (2018)
Grunnlagt 2020
Nordfjordeid sett frå lufta. Staden var administrasjonssentrum i Eid og har same status i Stad kommune.
Foto: Widerøe

Stad kommune, Nordfjord i Vestland fylke, vart skipa 1. januar 2020, då kommunane Eid og Selje slo seg saman. Samstundes vart grenda Bryggja i Vågsøy overført til Stad. Den nye kommunen er ein del av Solberg-regjeringa si kommunereform. Namnet kjem frå halvøya Stad i Selje, som på norskekysten reknast som grensa mellom Norskehavet og Nordsjøen.

Nordfjordeid er kommunesenter i Stad, som har om lag 9500 innbyggjarar. Etter kommunevalet 2019 vart venstremannen Alfred Bjørlo vald til ordførar; frå 2011 til 2019 hadde han same verv i Eid.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet kombinerar St. Sunniva frå Selje sitt våpen, og fjordingen frå Eid sitt våpen.

Kjelder og litteratur