Innvik krins
Hopp til navigering
Hopp til søk
Innvik var ein skulekrins fram til 1861, men vart så delt i to krinsar, Langved og Lyslo. Allereie i 1834 kom det første skulehuset på Klokkargarden. Det vart først bygd skulehus ved sjøen på Presetagarden si tomt ved det som no heiter Sydneskrysset. Dette stod ferdig i 1846. I 1863 vart det bygd skulehus både i Langved krins og i Lyslo krins. Etter at krinsane vart slegne saman igjen kom eit nytt, felles skulehus på Labakken i 1896. Etter krigen var det igjen behov for nytt skulebygg, og dette stod klart i 1957. I 1986 kom eit nytt tilbygg til skulen.
Klokkarbakken
- Byggeår:
- Fungerte som skule: 1834-1846
- Anna bruksområde: Dette gamle huset på Klokkkarbakken vart kjøpt av prest Cammermeyer og kapellanane og gitt til bygda for å fungere som skulehus.
Gamle Innvik skule
- Byggeår: 1845/46
- Fungerte som skule: 1845-1863
- Anna bruksområde: Lærar og kyrkjesongar Mons Sydnes tok i bruk huset som bustadhus. Han kjøpte huset i 1870, og det var i familien si eige fram til 1986 då det vart flytta til Nordfjord folkemuseum på Sandane.
Langved skule
- Byggeår: 1863
- Fungerte som skule: 1863-1896
- Anna bruksområde:
Lyslo skule
- Byggeår: 1863
- Fungerte som skule: 1863-1896
- Anna bruksområde:
Innvik skule
- Byggeår: 1957
- Fungerte som skule: 1957-
- Anna bruksområde:
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Kåre Nygård (red) (2006) Skulehistorie for Innvik og Stryn kommunar 1739-2000