Innvik krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Innvik i Stryn kommune (tidlegare Innvik kommune) var ein skulekrins fram til 1861, men vart så delt i to krinsar, Langved og Lyslo. I 1890 vart desse to krinsane einige i å slå seg saman til Innvik krins igjen.

Innvik var tidleg ei sentral bygd, og var frå starten av hovedkrins. Etter den første skulefundasen frå 1734 vart Innvik prestegjeld delt i seks skuledisktrikt, og Innvik var eit av desse. Den neste fundasen frå 1749 slo fast at kvart av desse seks skulle delast i to delar slik at ein fekk tolv omgangsskuledistrikt. I Innvik hadde desse to disktrikta skule i kvar sin halvdel av vinterhalvåret.

I 1829, to år etter skulelova av 1827, er Innvik skuledistrikt delt inn i fire rodar:

  1. Hilde (den største garden i Innvik)
  2. Reme, Torsætter, Dragesætter og Skodden
  3. Lyslo, Hægdal og Lien
  4. Frøholm, Aarholen, Agielden, Vandberg, Hæggestad og Gildestad


Skuleveg

Skulehus

Allereie i 1834 kom det første skulehuset på Klokkargarden i Innvik. Det vart først bygd skulehus ved sjøen på Presetagarden si tomt ved det som no heiter Sydneskrysset. Dette stod ferdig i 1846. I 1863 vart det bygd skulehus både i Langved krins og i Lyslo krins. Etter at krinsane vart slegne saman igjen kom eit nytt, felles skulehus på Labakken i 1896. Etter krigen var det igjen behov for nytt skulebygg, og dette stod klart i 1957. I 1986 kom eit nytt tilbygg til skulen.

Skulehuset på Klokkarbakken

  • Byggeår:
  • Fungerte som skule: 1834-1846
  • Anna bruksområde: Dette gamle huset på Klokkkarbakken vart kjøpt av prest Cammermeyer og kapellanane og gitt til bygda for å fungere som skulehus.

Sydneshuset

  • Byggeår: 1845/46
  • Fungerte som skule: 1846-1863
  • Anna bruksområde: Lærar og kyrkjesongar Mons Sydnes tok i bruk huset som bustadhus. Han kjøpte huset i 1870, og det var i familien si eige fram til 1986 då det vart flytta til Nordfjord folkemuseumSandane.

Langved skule

  • Byggeår: 1863
  • Fungerte som skule: 1863-1896
  • Anna bruksområde:

Lyslo skule

  • Byggeår: 1863
  • Fungerte som skule: 1863-1896
  • Anna bruksområde:

Labakken skule

  • Byggeår: 1896
  • Fungerte som skule: 1896-1957
  • Anna bruksområde:

Innvik skule

  • Byggeår: 1957
  • Fungerte som skule: 1957-
  • Anna bruksområde:

Lærarar

Namn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Torjels Hilde Innvik 1749 1771 Seminarium Catechetium i Bergen
Lars Hilde 1751 Innvik 1772 Brorson til lærar Torjels Hilde
Anders Hilde Innvik Son til lærar Lars Hilde
Jørgen Lyslo ca 1730 Innvik 1755
Peder Lyslo 1754 Innvik 1782 Son til lærar Jørgen Lyslo
Peder Andersen Angel 1718 Innvik 1802 Klokkar
Andreas Angel Innvik 1802 1829 Son til klokkar Peder Andersen Angel.
Erik Jørgenson Bolstad Innvik 1829 1831 Vekselskulen i Bergen Vart rektor for vekselskulen ved Kristi Krybbe i Bergen frå 1831.
Ola Arneson Drageset 1811 Innvik 1832 1849 Vekselskulen i Bergen Døydde berre 38 år gamal i 1849.
Arne Larson Skarstein 1824 Innvik 1849 1862 Stord lærerskole 1849 Lærar og kyrkjesongar, skipa framhaldsskule for vaksen ungdom. Flytta til Holmedal i 1962
Mons Kristofferson Sydnes 1831 Innvik 1862 1894 Døydde i 1901.
Lars Reed 1864 Innvik 1894 1930 Arbeida for fråhaldssaka, ungdomsrørsla og målrørsla.
Jørgen Lyslo 1896 Holen krins / Innvik krins 1917 / 1930 1919 / 1963 Volda lærerskole Tilsett som lærar ved lærarskulen i Volda frå 1919. Tilbake til Innvik i 1930
Jørgen Dragesæt 1897 Holen krins / Innvik krins 1922 / 1924 1964 Dragesæt døydde i 1969. Han jobba både i Holen, Blakset, Innvik og Utvik.
Steinar Sandal 1963 2003 Rektor
Ingolf Muri 1964 1967
Ingrid R. Muri 1964 1967
Ingvar Hilde 1967 1970
Leidulf Kårstad 1967 1970
Oddgeir Bjørlo 1969 2006
Bodil Lien 1970 1973
Randi Bjørseth 1970 1999
Ragnhild Vambeset 1972
Anne Berit Bjørdal 1974 1983
Jan Espe 1975 1987
Bjørg Vik Sårheim 1980 1990
Karin Heggdal Bruland 1981
Atle Kårstad 1983
Dag Vanberg 1987 1993
Terje Raftevold 1999 / 2004 2003 / 2005
May-Iren Skåden 2002
Gro Larsen Hjelle 2002
Lena Heggdal Skogen 2003
Per Inge Seime 2003

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Kåre Nygård (red) (2006) Skulehistorie for Innvik og Stryn kommunar 1739-2000


Koordinater: 61.852° N 6.615° Ø