Alset (Tinn gnr 68)
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Alset | |
|---|---|
| Alt. namn: | Asselseth (1801) |
| Fyrst nemnd: | 1650 |
| Sokn: | Atrå |
| Fylke: | Telemark |
| Kommune: | Tinn |
| Gnr.: | 68 |
Alset er ein matrikkelgard i Atrå sokn i Tinn kommune. I Tinn soga (s. 305) skriv Halvor H. Einung at namnet kjem av mannsnamnet Atle og setr.
Alset var opphaveleg underbruk under Stuvetrå og er nemnd fyrst i 1650. I arvesaka om Stuvetrå i 1672 vart det hevda at Eivind Stuvetrå ryddja Alset og at sonen hans seinare heldt fram med dyrkingsarbeidet.
I 1812 vart Alset delt i to bruk, nedre og øvre. Lars Alset gav sønene Ingebrit og Øystein kvar sin part av garden. Einung skriv (s. 307) at Ingebrit Larsson på nedre Alset var «au lærar og i god stilling». Folketeljinga i 1801 syner at både Ingebrit og Øystein hadde vore skulehaldarar før dei overtok Alset.
Bruk
- Alset (bnr. 2)
- Nord Stuvetrå (bnr. 5)
- Sud Stuvetrå (bnr. 6)
- Alset (bnr. 7)
Kjelder
- Einung, Halvor H.: Tinn soga. B. 2. Rjukan. 1953. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 305-311.
- Asselseth i folketeljinga 1801 for Tinn prestegjeld frå Digitalarkivet