Bokn kyrkje
Bokn kyrkje | |
---|---|
Stad: | Boknaberg |
Byggeår: | 1847 |
Endringar: | Påbygd 1933 |
Kyrkjegard: | Bokn kyrkjegard |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkja |
Bispedøme: | Stavanger |
Prosti: | Nordre Ryfylke |
Prestegjeld: | Tysvær |
Fellesråd: | Bokn |
Sokn: | Bokn |
Arkitekt: | Hans Ditlev Franciscus von Linstow |
Materiale: | Tømmer |
Døypefont: | Omkr. 1100 |
Altartavle: | 1913, måla av Ole Frøvig. |
Sitteplassar: | 300 |
Bokn kyrkje er ei langkyrkje i tømmer, oppført i 1847. Ho er soknekyrkje for Bokn sokn, som året etter at kyrkja stod ferdig vart overført frå Skudenes prestegjeld til nye Tysvær prestegjeld. Ho er einaste kyrkje i Bokn kommune, og står på grunnen til garden Boknaberg.
Dagens kyrkje er den tredje på staden. Den eldste, som vi kan kalle Bokn mellomalderkyrkje, har vi ikkje fysiske spor etter. Vi veit at ei kyrkje vart riven i 1686, og døypefonten frå mellomalderen som står i kyrkja i dag tyder på at dette var ei gammal kyrkje. Ut ifrå mangelen på spor meiner ein at det må ha vore ei trekyrkje, truleg ei stavkyrkje. Den andre kyrkja, som vi kan kalle Bokn gamle kyrkje, var ei lita tømmerkyrkje oppført 1686 og riven rett før dagens kyrkje vart oppført i 1847.
Etter at gamlekyrkja vart riven hadde kyrkjelyden gudstenester i løa på Laupland fram til nykyrkja stod klar. Kyrkja er bygd etter teikningar av Hans Ditlev Franciscus von Linstow.
I 1933 vart kyrkja påbygd med sakristi og kor.
Litteratur og kjelder
- Bokn kyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no.
- Bokn kirke på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Lindanger, Birger: Boknakyrkja : vegvisar i løiv og død gjennom 1000 år. [Utg. Bokn sokneråd]. 1997. Digital versjon på Nettbiblioteket.