Bokn kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bokn kyrkje
Bokn kyrkje.JPG
Stad: Boknaberg
Byggeår: 1847
Endringar: Påbygd 1933
Kyrkjegard: Bokn kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Den norske kyrkja
Bispedøme: Stavanger
Prosti: Nordre Ryfylke
Prestegjeld: Tysvær
Fellesråd: Bokn
Sokn: Bokn
Arkitekt: Hans Ditlev Franciscus von Linstow
Materiale: Tømmer
Døypefont: Omkr. 1100
Altartavle: 1913, måla av Ole Frøvig.
Sitteplassar: 300

Bokn kyrkje er ei langkyrkje i tømmer, oppført i 1847. Ho er soknekyrkje for Bokn sokn, som året etter at kyrkja stod ferdig vart overført frå Skudenes prestegjeld til nye Tysvær prestegjeld. Ho er einaste kyrkje i Bokn kommune, og står på grunnen til garden Boknaberg.

Dagens kyrkje er den tredje på staden. Den eldste, som vi kan kalle Bokn mellomalderkyrkje, har vi ikkje fysiske spor etter. Vi veit at ei kyrkje vart riven i 1686, og døypefonten frå mellomalderen som står i kyrkja i dag tyder på at dette var ei gammal kyrkje. Ut ifrå mangelen på spor meiner ein at det må ha vore ei trekyrkje, truleg ei stavkyrkje. Den andre kyrkja, som vi kan kalle Bokn gamle kyrkje, var ei lita tømmerkyrkje oppført 1686 og riven rett før dagens kyrkje vart oppført i 1847.

Etter at gamlekyrkja vart riven hadde kyrkjelyden gudstenester i løa på Laupland fram til nykyrkja stod klar. Kyrkja er bygd etter teikningar av Hans Ditlev Franciscus von Linstow.

I 1933 vart kyrkja påbygd med sakristi og kor.

Litteratur og kjelder