Fløvalsvatnet
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fløvalsvatnet er eit tjern på Lesund i Aure kommune på Nordmøre. I skogområdet ovanfor tjernet finst det ein steinlegning frå bronsealder-jarnalder.
Gravminne
Steinlegninga har fungert som gravminne, og har i alt seks steinar. Steinane er omkring 80-90 cm høge, og dannar ein rund krins på ca 4 meter i diameter.
Etter lokal tradisjon skal denne steinlegninga ha vore gravplass for falne frå slaget ved Solskjel, som er omtalt i Snorres kongesoger.