Halvor Akerhaugen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Halvor Akerhaugen (fødd 4. juli 1897 i Sauherad, død mai 1971) var lærar og skyttar.
Han vaks opp på garden Akkerhaugen i Sauherad, som son av Johannes (1871-1938) og Ingeborg Akkerhaugen (1867-1902). Halvor Akkerhaugen var eldst i ein syskenflokk på ti (mora døydde tidleg, så faren gifta seg opp att og fekk fem born med den nye kona). Akkerhaugen tok millomskuleeksamen i 1916, artium i Skien i 1918 og dinest eksamen ved Notodden lærarskole i 1921.
Akkerhaugen var tilsett ved Tinn framhaldsskule. Han var òg formann i skyttarlaget i bygda. I Sauherad bygdebok (1985) skriv Birger Kirkeby at Akkerhaugen «bur i Tinn Austbygd».
Halvor Akkerhaugen vart gift med Marie Dorothea Holm, dotter av Inga og Christopher Holm.
Kilder og litteratur
- Halvor J. Akerhaugen i folketeljinga 1900 for Sauherad herred frå Digitalarkivet
- Halvor Johannessen i folketeljinga 1910 for Sauherad herred frå Digitalarkivet
- Halvor Akerhaugen i Valgmanntall 1925 for kommunevalg i Tinn fra Digitalarkivet
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Kirkeby, Birger: Bygdebok for Sauherad : gards- og ættesoge. 3 : Gardsnr. 44-74, Sauherad kommune 1985. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 519.