Horne krins
Horne krins i Hyllestad kommune inkluderte i 1861 Horne, Ramsgrø, Lien og Høydal. I 1884 vart Høydal skild ut som eigen krins.
I 1890 gjekk borna frå Høydal, Horne og Sundbotn krinsar på skule saman på Vassenden seks veker i tillegg til seks veker skule i eigen krins. Desse tre vart slått saman til Vassenden krins i 1911.
I 1959 vart Vassenden ein del av Øen krins med skulehus på Øen.
Skulehus
Vassenden skule
- Byggeår: 1910
- Fungerte som skule: 1910-1959
- Anna bruksområde: Fritidsbustad, i privat eige.
Skuledagen
Skulevegen
Magnar Fleten (f. 1947) budde i Liane i Horne og hadde om lag 5 km å gå til skulehuset på Vassenden. Dei brukte mellom ein halv og ein time på denne turen. Det var ein tung veg å gå. Når det var mykje snø køyrde far til Magnar dei med hest og slede. Men om somrane kunne vi sykle. I tida Magnar gjekk på skule var dei tre born som gjekk ilag. Då skulehuset på Vassenden vart lagt ned vart vi flytta til Øen skule. Då vart vi og borna frå Høydal henta med drosje frå vegen og hadde berre ein kilometer å gå.
Lærarar
Torleif Hauken frå Høydal starta på skulen i 1954 og hugsar godt lærarane, sjølv om det var ein ny lærar kvart år. Han hugsar Audun Glamnes, Magne Hatlem, Signy Sørebø, Maren Indrebø Hovland og Arvid Skogly. Arvid var sonen til læraren ved Øen skule og var berre 17 år då han starta som lærar ved Vassende skule. Før han fylte 18 år og kunne køyre bil, sykla han kvar dag frå skulehuset på Øen der han budde med foreldra sine. Det var om lag 4 km kvar veg.
Etternamn | Fornamn | Føydd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Informant: Torleif Hauken
- Informant: Magnar Fleten