Kjeldearkiv:1888-01-15 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1888-01-15 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 15.1.1888
Stad: Askov
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 37
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Askov 15de januar 1888.

Kjære Ivar!

Jau du fekk det til, so det glatt vonom. Liten, var epistelen, og lengje var det førr han kom. Eg leik og sløser med herrens gaver, og du blir meir og meir stuttmælt. Gjekk det etter vegt, er eg vis på, eg skulde ha tilgode mange kilogram; men eg er no alder stygg til å krevja av mine brødre udi ånden.

Det var den jolereisa, du skulde vita lite um: Det var no grovt til greide det måta. Knudsen møtte os i Odense med tvo danske gampe og vogn, og tvæ mil beint i sør kjørde vi så um kvelden. (Det var hellest synd å snyte deg for eit so poetisk kapitel, som reiseskildringen frå Vejen og åt Odense; men eftersom dei danske jønnbanvogne stinkar av gamal, råti cigarrøyk, so eg sat fyllsjuk heile vegen, vil eg helst sleppe røre meir um den greida.) Han ha knuvla åt seg ein liten net gard, Knudsen, likavel. “Frolund” heitte han og låg reint for seg sjøl burtved ein gruseleg stor bøgeskog. Og eg treivst so glupt der fordi det var so fredleg og avsides – tvo ting, eg alder ha treft på udi det ganske land og rige førr. Og der stulla Knudsen og kjerringi hans tvaueine, stulla med seg sjølve, dei 4–5 ky’om og dei tvo gampom. Joleftan var eg med å skar fuldt fôrrumet med hakkels og renska 13 skjeppo bygg, so eg gjøyva ut meg verre held han Storlars med lort og låvduft.

Å det var ikkje stusle der i huset, skal eg tru, enda vi var berre fem skrottar. Det var Knudsen som hitta på den “fortvilede ide” ein kveld, at vi skulde senda eit brev åt Gamel-lensmann, men det ampast mangelein, førr vi nådde enden (å det tok no alti au ein skjiten ende) Du hellige prophet for eit røgel og rør! Og det var au jamen både synd og skam og plåge tvau evangelisk-lutherske samfund å fragte slik klår ideleg møk inudi posten. Hellest fann vi på mange slag. Men, som du veit lite um førr, var no jol-purke-fleske-pylsa både Alfa og Omega. Og so tala vi dølamåle alle tilhobe og glosor vanka det, so fullpanta både i mål og vegt, at ein kanin vist ha fått “ilt fy bringo um han skje’ vo testaes”. Og so song da, ser du, attpå. – Og so gjorde eg kur, sa du. Djæven brennsteikje meg so det berre pulla i fleskje, lyg du ikkje. – So treng eg ful[l]a ikkje segja meir um den bonskapen.

So for nokre dagar var det no reint overlag, måta, men bu sama stelle til min døyandag vø meg reint rålaust liksovel i Frolund, som noko anna stelle udi det danske rige. Ein bjønn blir ikkje ein sau, kormykje han skaper seg. Men hæppen er kjerringi åt Knudsen, dersom vorherre har skapt ho slik, at ho kan “klimatiserast”. – Du har nok høyrt gjeti eventyret um Adam, som reint hugustup vart hussa [...] ut av paradishagen ein dag vorherre var rangsnudd. For det var berre eit søteple meir held mindre, det hekk på. (Eg sa eventyr, men soga er sann ho, og det er jamvel etter denne hikstori, at den norske husmandslov er gjort. Etter den har “vorherre” lov til å gjera slik støy oc opstandelse berre for eit einaste skarve eple skuld, at han kan ta “Adam” i ræv og nakkje og skikke ut av – husmannsplassen. Nå! Men som det gjekk Adam, går det ligervis han[s] slegt: Eg kom likso brått ut av Edens hage; men det var no held ikkje berre eit søteple eg ha forsynda meg på.

Fjoredagsmorgon ha dei spunne ut, at vi skulde gjeste bror hans Kristian i Starup[1]. Det var tvo mil ret i aust. Og vi kjørde. Men no barst det so langt, at det var att berre ei halv mil åt ’om gamle Tykje Hansen. For god folkeskjikk skuld, tykte eg, eg laut sjå framum, og so skildest eg med det gamle tyskapet.

Men hjå om Tykje trefte eg berre ille på. Alle dei unge var burte i gjest, og dei tvau gamle var held ikkje vidare løtta, då det ha då’t ein av slegtningom deira dagen førr eg kom. Dertil kom, at eg prutte med gamlun[2] um Grundtvig og Ibsen – himmerik og helvite og um meire slikt, so eg vart leid heile smeisgreida. Eg bruka hellest ikkje å rale med gamle kjerringo um slike ting; men det var ho som byrja, beiste. – Nok er det: eg var der berre ein dag, so gjekk eg lykt nord åt Ullerslev st, kjøpte meg billet åt Vejen, og kjørde heimatt og slo meg ned på klokkmakarhybelen min. Soleis fekk eg bruk berre for fyrste halvparten av jolhelgi; det andre halve øydde eg burt på sama syrgjelege vis, som ifjor. Dei andre heldt ut, so lang skulekvildi vara og vel so det; men det er berre sovidt eg har snakka ved deim enno.

Igjår kom ein litin rapport frå ’om Kristian med sampt ein grå setel av splinterny bonitet. – Svart på gråt var det. Jaggu las eg og log til eg låg veltad meg “so ei onnor purka”, so eg knela reint tålagje sengjebrisken min – endå ho tåla ein god støyt au, det harde fegjætarlegre. – Igjårkveld overantvordede eg gråpapiret til rette vedkommende.

Eg finn meg ikkje so godt i det iår som ifjor. Det er fordi eg ingen Åsmundstadgut har å ty til. So olike som vi tvo var, var han jamen glup for meg mangein gong, og no saknar eg han. Ola Jenson frå Stevns, kona mi, som hellest er ein gjill gut, kan eg held ikkje bli meir held “godvenner” med. “Godvenner” er eg med alle, og enda er eg alle på “frastand” – lang, svart “frastand”. Eg veit djæven ka det er for ei svart ånd, som ha søgt fjælster udi min syndige skrot, men eg har slik eldande hug til å spytte kvar einaste [...] brand eg ser, midt i talskiva – og skjera og bita – ja svelgja livandes heile hærkje. Eg bryr meg likso lite um det norsk[e] selskap, som dei danske ditto. Småsamlag og foreningo og klubbar, er det au nok av; men for meg har dei alle ein liten tæv av slike flatbotna “intriger”, som no denne jammerdal er so fullpigga med.

Å, det kan nok hende, det hjelp noko på meg at eg fær eine rapporten heimafrå svartar og kaldare held den andre, so det blir meir å meir utur botvon å vera til. Jaggu gruvar eg, du, for å koma heimatt, og ha det ikkje vore for ’n gamle mor, so ha eg ikkje vilja set Gudbr.dalen meir i dette århundrede, men skjussa verdi rundt på eventyr.

– Nei det er våga Åsmundstadn alder kunde ha gagna meg eingong (Men den kvalpen du, som ikkje ha senda meg ein Guds skapte tøddel sia vi skildest i sumar midt i juni. Ja han skal no trasse meg bak, da, um det er det han vil.) Men nok um svinepesten.

– For otte dagar sidan fekk eg eit bismarpond Fedrah. Eg ha ikkje set han no sidan ifjor; men det ha vorte gut det. Der stod ein liten stubb um “Siste vendingi” so reinskore, at det var flakt: – Han ha komi seg, som når ein unggamp um våren mest kvovna av råte staldluft blir slept til fjelds, og kjem til bygda fyrst um hausten. – Og kaninerne preika korstog uppigjenom Gudbrandsdalen du. Det [...] argebål! Ja skjær og et, da, og velbekomme.

Eg har knapt so travelt no som førre jol, då eg har lite mindre engelsk og oldnorsk. Men so ha eg hoggje i på sløidskula; og lære bokbinding soleis lite til husbruk, og gjere bilætramo og slikt pusleri.

Ja, eg skulde ha sagt meir, men eg ha gneka hol på ei eiterkveise, og da er det likso godt kneppa nebb. – La meg no sjå du “gjer utur deg ein god sø”. Duglege helsingo åt deg og dine frå

Kristian.

Eg gløymde segja “Godt nyår” men det hjelp vel held ingen ting.

Fotnoter

  1. Feil for Tarup. Faren heitte Knud Hansen Tarup og budde i landsbyen med same namn. Kristian hadde fleire brør, og det er uvisst kven det gjeld her.
  2. Johanne Marie Rasmusdatter Hansen.