Nappakrok
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ein nappakrok eller ein høytjuv (nynorsk/bokmål), òg skrive høytyv på bokmål, er ein harpunliknande reiskap som blir bruka til å nappe ut høy frå hardtrappa høystål. Høyet skulle nappast ut slik at kanten av høyet stod som ein loddrett vegg. Dermed kunne ein følgje med forbruket utover vinteren. På midtvintersdagen (12. januar) skulle ikkje meir enn halvparten av høyet vera oppbruka.