Reine (Fyresdal)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Reine (Fyresdal gnr. 37/5/11) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Skippergata 13.
Leigekontrakt 1892 gav Hans Olavson Lofthus ikring 3 ar jord for 5 kroner årleg. Kontrakten vart tinglesen i 1909. Han var ugift, men sette opp hus som han kjøpte på nordre Momrak. På eit foto av Olstad ser vi at på sydsida av Skippergata er rekka med bygningar i ferd med å kome på plass.
1894 budde snikkar Knut Andresson med kona Anne Olavsdtr. her. I 1903 gifte skomakaren Hans Olavson Vaddelid seg med Signe Knutsdtr. Kåsa, ho vart buande på plassen etter at mannen døydde. Dottera Tea Hansdtr. gifte seg med rutebilsjåføren Knut Drengson Berve og tok over huset etter mor si.
Hans Olavson var og sagmeister på Øyfoss Bruk.
Kjelder og til utdjupande lesnad
- Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag, s. 11, 14.
- Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992.
- Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.