Øyfoss Bruk (Fyresdal)
Øyfoss Bruk (Fyresdal gnr. 37/1/1) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Skippergata 17.
Talleiv Olavson Væting bygde mølle og sag ved Øyfoss i 1860 åra. Etter kontrakt 1870 skulle gardeigaren ha rett til å male på mølla og skjere på saga. Ved tillegg 1892 fekk Talleiv utvida rettar. Enkja, Eldrid, selde i 1917 til Knut O. Vaddeli. I 1928 kunne Gjermund O. Berge selje til Gunnar Nøra for 2075 kroner. Smie, maskinar og tilhøyr saman med vassrett og damrett følgde med. Ved tvangsauksjon 1938 fekk O. Å. Breivik, Olav O. Skrede og Knut Skrede kjøpe for 5000 kroner.
I 1947 kjøpte Olav B. Straume bruket. Han dreiv både saga og mølla sjølv og i 1957 bygde han fryseri knytt til bygningen. Han bygde seg og bustad bak sjølve bruket. Verksemda har ikkje vore i bruk etter ca. 1980, men bygningen har blitt ståande og halde ved like som vel er.
Biletgalleri
Kjelder og til utdjupande lesnad
- Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag, s. 11, 14.
- Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
- Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.