Sersjant

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Våpenjakke og lue for kommandersersjant, modell 1894. Kragespeilene har avdelingsmerket HB for Hallingdal Bataljon, mens gradsdistinksjonen er de tre røde stripene nederst på ermene.

Sersjant kjem av latin og tyder opphavleg tenar (Falk og Torp). Det er mest kjent som nemning på ein militær befalsgrad, og har vore i bruk i den norske hæren frå den vart etablert og fram til i dag. Da underoffiserane voks fram som eigen kategori vart sersjant den høgste graden i denne gruppa, seinare splitta i sersjant og kommandersersjant, der sistnemnde var overordna.

Også variantar som Capitaine des armes, furer, stabssersjant, vingsersjant (Luftforsvaret), kvartermester (Sjøforsvaret) har vore eller er framleis i bruk.

I samband med militærordninga av 2016 blei det etablert ein ny kategori befal, kalla spesialistbefal. Her vart gradane sersjant, sersjant kl. 1, oversersjant, stabssersjant, kommandersersjant og sersjantmajor innførd. Gradane fekk her sama rang som tilsvarande offiserar.

Litteratur

  • Falk og Torp 1903-06 (faksimile 1991): Etymologisk ordbok over det norske og det danske sprog. Bjørn Ringstrøms antikvariat
  • Om den nye spesialistordningen i Forsvaret vedtatt av Stortinget 12. juni 2015, med virkning fra 1. januar 2016.