Capitaine des armes
Hopp til navigering
Hopp til søk
Se også Kaptein i Norsk historisk leksikon.
Capitaine des armes var høgste underoffisersgrad ved infanterikompania i Hæren fram til graden vart avskaffa i 1747 og erstatta med kommandersersjant.[1] Nemninga er fransk og kan omsetjast med den som har ansvaret for våpentenesta ved kompaniet (stell, vedlikehald og lagring), kanskje òg opplæring i bruken saman med dei andre underoffiserane.
Da graden vart avskaffa var det iflg. Odlaug s. 157 for å finansiere oppsettinga av landvernet.
Graden ser ikkje ut til å ha vore i bruk ved dei nasjonale (utskrivne) avdelingane før inn på 1700-talet, kanskje innført i samband med Store nordiske krig.[2] Men ved dei gevorbne (verva) avdelingane ser den ut til å ha vore brukt i alle fall frå kring 1660.[3]
Referanser
- ↑ Christophersen s. 11
- ↑ Kjelland, Arnfinn:Eige arbeid med militære ruller frå 1. Oplandske nasjonale infanteriregiment frå 1662 til ca 1813.
- ↑ Søk på ‘Armes’ i Ovenstad på nett gir stort sett berre treff på offiserar som har hatt graden ved teneste i verva avdelingar. Men ein får òg m.a. treff på Jens Rolandsen Bagge, som var Capitain des armes ved Trondhjemske nasjonale infanteriregiment i 1659. Da er det nemnt at graden vart sløyfa ved regimentet i 1661.
Kjelder og litteratur
- Christophersen, Bjørn 1978: Forsvarets gamle underoffisersstand. Dens innsats på sivile felter. Forsvarets krigshistoriske avdeling og Gyldendal forlag. Oslo.
- Odlaug, Gustav 1928: «Underofficerene», i Norsk militært tidsskrift s. 153-184.
- Ovenstad, Olai 1948: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18- januar 1628 til 17. mai 1814. Norsk Slektshistorisk Forening.