Sjebek
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ein sjebek (gjennom eldre fransk chabec og eldre spansk xabeque frå arabisk شباك [šabbāk]) er ei relativt skarptseglande, lita til mellomstor ro- og seglskute med to eller tre mastrer, og med latinseglrigg på minst éi av dei.
Sjebekane var populære som kaperskip blant piratar frå Berberstatane kring 1600- og 1700-talet, og etterkvart vart dei vanlige i fleire europeiske land òg — da oftast som reine seglfartøy.
Lenkjer
- Bilde av modellskip
- «Xebec Information» frå Ryan Moore