Spansk
Spansk (español) eller kastiljansk (castellano) hører til den iberiske gruppa av romanske språk. Språket har sitt opphav i det nordlege Castilla og spreidde seg tidleg derifrå vidare til resten av det sentrale og sørlege Spania. Gjennom den spanske kolonialiseringa frå slutten av 1400-talet og utover har spansk teke over som hovudspråk i heile det som no er kjent som Latin-Amerika, berre med unntak av Brasil. På liknande vis, men i mindre grad, har språket òg vorte utbreidd i Afrika og Aust-Asia. I Noreg har spansk hovudsakleg vore aktuelt i samband med kleppfiskhandel i tidlegare tider; og i samband med innvandring frå latinamerikanske og andre spanskspråklege land så vel som i samband med reising til og busetjing i spanskspråklege land og område frå 1970-åra av.
Historie


Grammatikk
Portugisarjødane

Kleppfiskhandelen
Ord med spansk opphav som har slege gjennom i kristiansundsdialekten inkluderer å vende (’å selje (fisk)’, ‘å handle (med fisk)’, frå spansk «vender»), å ha save på (noko) (‘å ha greie på (noko)’, frå spansk «saber», ‘(å) kunna’) og bacalao (‘kleppfiskgryte med tomatsaus’, frå spansk «bacalao», ‘torsk, kleppfisk’).