Skotholmevegen 38 (Fedje gnr 170 bnr 54)
| Skotholmevegen 38 | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 170 |
| Bnr: | 54 |
| Adresse: | Skotholmevegen 38 |
Skotholmevegen 38 er ein eigedom i Fedje kommune.
1. Tore Gismervik f. 1958 Haugesund, oppvaksen der og i Indre Arna, Bergen, elektrikar/salssjef/sjølvstendig næringsdrivande, g. 1985 m. Anne-Karin Haus f. 1959 Bergen, barnehageassistent, bustad Bergen. Ekteskapet oppløyst 2010. Dette er tomta med huset og naustet på gnr 170 bnr 5, og vart frådelt i 2002. Han fekk skøyte i 2003, og flytta sidan hit frå Bergen. Huset vart renovert i 2004 og totalrenovert i 2021. Garasjen vart bygd i 2019 på tomt bnr 64, frådelt gnr 170 bnr 5 i 2011, skøyte i 2012.
Born: a. Tord Gismervik f. 1988, elektrikar, bustad Bergen. b. Maren Gismervik f. 1991, barnehagelærar, samb. 2018 m. Jan Remy Olsen f. 1990 Fjell, mekanikar, bustad Turøyna i Fjell, Øygarden kommune. c. Brede Gismervik f. 1994, bustad Bergen.
Tore Gismervik samb. 2011 m. Hanne-Mari Gjøsæter f. 1975 frå Alta, barnehagelærar/fiskeguide. Dei driv Fedje Fiske og Bo med fisketurisme. Ho har galleri for kunstmaling.
| Skotholmevegen 38 (Fedje gnr 170 bnr 54) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Skotholmevegen 32 (Fedje gnr 170 bnr 52) • Neste bolk: Skotholmevegen 34 (Fedje gnr 170 bnr 56) |