Vågane og Nygård
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vågane og Nygård omfattar den nordaustre delen av Storemarka i Fedje kommune, og grensar i nord mot Husavatnet, Husøyna og Sildevågen. Det var utmark heilt til det vart utlyst for sal av Fedje Torvbruk under første verdskrigen. I 1916 skjedde den første frådelinga i Vågane, og Nygård følgde etter i 1917. Jorda vart oppdyrka og gav grunnlag for husdyrhald. Elles var fisket hovudnæringa her som elles på Fedje.
| Vågane og Nygård er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Mortevikvegen 13 (Fedje gnr 172 bnr 236) • Neste bolk: Vågane |