Vatne Sogelag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vatne Sogelag er eit historielag i tidlegare Vatne kommune, som no er del av Ålesund kommune på Sunnmøre. Laget, som vart skipa 9. mars 1980, gjev ut Årsskrift for Vatne sogelag. Sogelaget skal:
- sikre historiske minne og kulturmerke i gamle Vatne kommune
- formidle kunnskap av kulturhistorisk verdi
- fremje den kulturhistoriske interessa i bygdesamfunnet
I 2018 hadde laget 230 medlemmer. Det er medlem av Landslaget for lokalhistorie (sidan 1983).
Leiarar
- 1980-81: Kåre Hånes
- 1982-83: Norvald Bjørkevoll
- 1984-85: Kåre Hånes
- 1986-87: Synnøve Bruteig
- 1988-1992: Norvald Bjørkevoll
- 1993: Synnøve Bruteig
- 1994-96: Johan Krogsæter
- 1997: Norvald Bjørkevoll
- 1998-99: Asbjørn Johansen
- 2000-2005: Roger Hatlehol
- 2006-2017: Per Bjørkevoll
- 2018-: Kåre Vatneødegård
Andre sentrale personar
Anders Vatne, Borgny Helland, Vebjørn Bakken har alle skrive mange artiklar i årbøkene.
Anders Vatne, Synnøve Bruteig, Kåre Hånes, Per Bjørkevoll, Norvald Bjørkevoll og Borgny Helland er æresmedlemar i sogelaget.
Publikasjonar
Laget har sidan 1981 gitt ut årbok kvar haust. Ein annan publikasjon er ein kalender med historiske glimt frå gamle Vatne kommune.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Vatne Sogelag på Digitalt museum.
- Vatne Sogelag på KulturNav
- Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).