Ålesund kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ålesund kommune
1504 Alesund komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1507
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Ålesund
Areal 633.57  km²
Areal land 608.78  km²
Areal vatn 24.79  km²
Folketal 65 065 (2018)
Samanslåing(ar) 1968: Borgund innlemma.
2020: Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy innlemma.
Frådeling(ar) 1977: Sula utskild.
Målform nøytral
Nettside Nettside

Ålesund kommune er ein kommune, by og regionssenter for heile Sunnmøre i Møre og Romsdal. Ålesund kommune grensar mot Giske kommune, Sykkylven kommune, Hareid kommune og Ulstein kommune. I samband med Kommunereforma 2014-2018 gjekk kommunane Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy 1. januar 2020 inn i den nye storkommunen Ålesund.

Ålesund ligg heilt på kysten, ved fjordsystema på Sunnmøre og kommunen ligg på fleire øyer, Hessa , Aspøya, Nørvøya, Ellingsøya og Oksnøya. Byen ligg nær både rike fiskebanker og kystleia mellom nord og sør, og har lenge vore ei viktig fiskehamn.

Det er sju kyrkjer i kommune, Ålesund kirke, Borgund kyrkje, Ellingsøy kyrkje, Skarbøvik kirke, Spjelkavik kirke, Voldsdalen kirke og den katolske Vår Frue kirke.

Matfestivalen i Ålesund er ein festival so arrangeres kvar år med fokus på norsk mat. Jugendstilsenteret ligg mitt i bysentrum og er det nasjonale formidlingssenteret for jugendstilen. Av museum kan nevnes Aalesunds Museum eit bymuseum med krigshistorisk avdeling, Fiskerimuséet i Ålesund og Sunnmøre Museum som er regionmuseum for Sunnmøre.

Atlanterhavsparken (Ålesund Akvarium) er det største akvariet i Noreg og har fokus på det marine livet på norskekysten.

Historie

Ålesundskart fra ca. 1920 (Ivar Refsdal).

Ålesund vert først nemnd i skriftlege kjelder på 1500-talet, då handelsmenn frå Bergen busette seg ved sundet mellom Aspøya og Nørvøya.

I 1824 vart han eksportsenter for klippfisk til Spania, noko som førte til stor vekst og bystatus i 1848.

23. januar 1904 vart Ålesund ramma av ein stor bybrann. Brannen starta på Aspøya, i Aalesund Preserving Co.s fabrikk, og slutta like vestanfor Brusdalshagen. Totalt brann om lag 850 hus, og berre om lag 230 hus stod att innanfor bygrensene. Sjølv om mye av byen brann, var det berre ein person som omkom under brannen. Ålesund bli attoppbyggja mellom 1904 og 1907, noko som medførte at dei fleste av byens mange bygningar er i jugendstil (art nouveau). Allereie tre år etter, i 1907, var mesteparten av den utbrende bykjerna attreist, denne gangen i stein, eit ikkje brennbart materiale.

1950- og 1960-talet var Ålesund ei av dei viktigaste sildehamnene i verda. Industriar som har vore viktige for byen er skipsbyggjing og trikotasje. Ålesund har eiget vinmonopol på Moa.

Den tidlegare kommunen Borgund kommune blei ved kommunesamaslåinga i 1968, slått sammen med tidlegare Ålesund kommune, til ein ny storkommune. I 1977 vart Sula skilt ut som eigen kommune. Dagens grenser kom på plass i 2020, då ytterlegare fire kommunar kom inn i storkommunen.

Ålesund rådhus.
Foto: 2015

Eksterne lenkjer