Herad kommune
Herad kommune vart skild ut frå Spind som eigen kommune i 1893. I 1965 vart han så innlemma i Farsund kommune saman med Lista og Spind.
Herad er i lag med Spind, Lista og Farsund by ein kommunedel i Farsund. I vest ligg Framvaren, i nord Kvinesdal kommune, i aust Lyngdal kommune og i sør Åptefjorden/Lyngdalsfjorden. Fjordarmane som skjèr inn i eit vilt landskap er eit teikn på at Vestlandet ikkje er langt unna, og det høgaste punktet i Farsund kommune (Lyfjellet 486,6 moh), ligg i Herad.
Medan Herad vart delt inn i åtte skulekrinsar då Noreg fekk ei ny skulelov i 1860, mista bygda sin siste skule i 2005. Det finst heller ikkje barnehagetilbod i Herad.
Kilder
- Farsund kommune: Kommunen sin nettstad
- Herad i Store norske leksikon.
- NRK Sørlandet: Åpta vert lagd ned