Herad kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk Misjonsselskap sin leirstad på Åpta i Herad.
Foto: Leif-Harald Ruud (2020).

Herad kommune vart skild ut frå Spind som eigen kommune i 1893. I 1965 vart han så innlemma i Farsund kommune saman med Lista og Spind.

Herad er i lag med Spind, Lista og Farsund by ein kommunedel i Farsund. Han ligg mellom Framvaren i vest, Kvinesdal kommune i nord, Lyngdal kommune i aust, Åptefjorden/Lyngdalsfjorden i sør og Ramneheia i sørvest. Fjordarmane som skjèr inn i eit vilt landskap er eit teikn på at Vestlandet ikkje er langt unna, og det høgaste punktet i Farsund kommune (Lyfjellet 486,6 moh), ligg i Herad.

Medan Herad vart delt inn i åtte skulekrinsar då Noreg fekk ei ny skulelov i 1860, mista bygda sin siste skule i 2005. Det finst heller ikkje barnehagetilbod i Herad.

Kilder


Koordinater: 58.1573447° N 6.8001489° Ø