Forside:Arkivvesen

Sideversjon per 17. aug. 2015 kl. 08:14 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Mannskapet på D/S "Sport" som trafikkerte Indre Oslofjord, fotografert i 1933.
Foto: Ukjent, 1933
NEG 244 Sjøfolk er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2013 med tittel Sjøfolk. Utsendar var Nettverket av sjøfartsmuseer i Norge.   Les mer …

Noen av husmorfilmene har handling lagt til drabantbyen Lambertseter i Oslo. Antenneveien med Lambertseterveien på tvers i bakgrunnen. Borettslaget Marmorberget på Lambertseter i Oslo fra juli 1952, og det sto helt ferdig i 1954.
Foto: Oslobilder.no
NEG 205 Husmorfilmene på 1950- og 1960-tallet er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2004 med tittel Husmorfilmene på 1950- og 1960-tallet. Utsendar var Anne Marit Myrstad i samband med eit forskingsprosjekt ved Historisk institutt på Universitetet i Oslo.   Les mer …

Kjeller småskole 1-2 klasse 1932 med frøken Elina Schiørn som klasseforstander.
Foto: Digitaltmuseum.no/MiA
NEG 194 "Da klokka klang" er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2002 med tittel "Da klokka klang". Utsendarar var Ann Helene Bolstad Skjelbred og Anne Moestue.   Les mer …

Frå Nyestøyl i Hoslemoheia i Bykle ca 1941.
Foto: Heimar og folk i Bykle
(2006)
NEG 113 Geitehold er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1967 med tittel Geitehold. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Gustav Nærland.   Les mer …

Smørask fra Feios, Vik kommune.
Foto: Jan Magne Rinde
(2016)
NEG 32 Servering av smør er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1951 med tittel Servering av smør til hverdags og høgtid. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Rigmor Frimannslund. Denne spørjelista har samanheng med og utfyller NEG 39 Høgtidsmat – familiefestar frå 1953, NEG 37 Høgtidsmat – årsfestar frå 1953 og NEG 23 Bordskikk til hverdags frå 1950.   Les mer …

Afsløringen af Henrik Wergelands Monument i Christiania 17. Mai 1881.
Foto: Severin Worm-Petersen/Nasjonalbiblioteket
NEG 161 Nasjonalfølelse er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1992 med tittel 161 Nasjonalfølelse. Utsendarar var Anne Moestue og Göran Rosander.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen


 
Andre artiklar