Øksendal kommune
Øksendal herad på Nordmøre vart utskilt frå Sunndal herad i 1854. Det nye heradet svara til Øksendal prestegjeld, som hadde vorte utskilt frå Sunndal prestegjeld ved kongeleg resolusjon av 8. juli 1853. Til å begynna med inkluderte heradet både Øksendalen og Ålvundeidet, men 1. januar 1899 vart Ålvundeid herad utskilt. Øksendal og Ålvundeid vart innlemma i Sunndal kommune att den 1. januar 1960.
Kjelder og litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- «Sunndal» på Disnorge.no