Øksendal kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Øksendal kyrkje er bygd i 1894, og ligg i Øksendal i Sunndal kommune på Nordmøre.

Øksendal kyrkje. Foto: Olve Utne
Kyrkja frå 1712, som tidlegare stod på staden, vart rive på 1800-talet. Ein del av det gamle inventaret vart lagra på loftet i kyrkja som står i dag. I 1972 vart altertavla, preikestolen og korskillebjelken med brøsting sett inn att i kyrkja. Vi finn også ei altertavle frå 1682 som inventar i bygget.