Anders Larsson Kanestraum

Anders Larsson Kanestraum (1772-1833) var gardbrukar.

Foreldra til Anders Larsson var frå garden Stae i Kvikne, Østerdalen. Faren kjøpte eine halvparten av det gamle hovudbruket på Kanestraum (bnr. 4) i Halsa sokn av Stangvik prestegjeld, og her vaks Anders Larsson opp. Han tok over farsgarden i 1805, og året etter vart han gift med Ildri Larsdotter Årsund (1782-1869). Dei fekk ni born.

Våren 1814 var Anders Larsson Kanestraum valmann for Stangvik prestegjeld.

Kjelder