Aslak Aabø
Aslak Aabø (fødd 1. mai 1888 i Kviteseid, død 10. oktober 1959) var lærar, kyrkjesongar og lokalpolitikar.
Han var son av Signe og Halvor Aabø; faren var òg lærar. Aslak Aabø tok eksamen ved Stord lærarskule i 1911, og tok seinare fleire kurs (teikning i 1922, pedagogikk i 1925).
Aabø var andrelærar ved Bergens guttehjem i tida 1911-13, og frå 1913 til 1915 var han tilsett som lærar i Bø i Vesterålen. Frå 1919 arbeidde han som lærar og kyrkjesongar i Vinje i Telemark.
Aslak Aabø sat i heradsstyret i Vinje frå 1928.
Han er gravlagd på kyrkjegarden i heimbygda Kviteseid.
Kilder og litteratur
- Aslak Aabø i folketelling 1910 for Stord herred fra Digitalarkivet
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 1340153).
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket