Aursjøhytta

Aursjøhytta stod ferdig sommaren 1893 ved sida av setra Buvollen tilhøyrande garden Nord-SletteLesjaverk som den første hytta som Kristiansunds og omegns turistforening (KNT) bygde heilt for eiga rekning. Arbeidet med hytta - som dei første åra vart kalla «Lesjehytten» vart utført av Per Nordsletten etter avtale med turistforeininga vinteren 1892-'93 for kr 1500 fullt utstyrt med 10 senger. Hytta vart bygd med 3-4 toms plank og utvendig bordkledd. Høgd under mønsåsen var 6 alen. Setra på Buvollen vart rive i 1908 og flytt til Nordbue om lag 15 minutters gange nordafor gamalsetra. Per Nordsletten og sonen Jonas bygde ny turisthytte på den nye vollen i 1910. Familien Nordsletten var vertskap på «Lesjahytten» og Aursjøhytta i fleire generasjonar.

Aursjøhytta 2009
Foto: Arnfinn Kjelland

Formannen i Den Norske Turistforening, professor Yngvar Nielsen besøkte ifølgje gjesteboka «Lesjehytten» fleire gonger. Etter opphald der 9. og 10. august 1897 skreiv han: «Lesjehytten er en af Landets bedste Turiststationer».

Den første hytta vart i 1908 seld til Ragnvald Blakstad og vidareseld av han til A/S Aura som nytta ho som feriestad til Aursjøen vart oppdemt i samband med utbygginga av Aura-anlegget først i 1950-åra. Hytta vart flytt dit ho står no i samband med oppdemminga.

KNT overtok hytta frå Statkraft i 1960 da reguleringsarbeidet var avslutta. I 1991 vart ho totalrenovert.

Litteratur