Austefjord kyrkje
Austefjord kyrkje er ei langkyrkje på Fyrde i Austefjorden, Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkjebygget er lafta i treverk (tømmer) og opphavleg bygd i 1773. Arkitekt var Gjert Lien frå Nordfjord. Kyrkja har 150 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Austefjord kyrkje | |
---|---|
Oversyn over Fyrde (Austefjorden) med Austefjord kyrkje i framgrunnen. Foto: Widerøe's Flyveselskap (1963).
| |
Stad: | Fyrde i Austefjorden |
Byggeår: | 1773 |
Endringar: | Flytt hit frå Bjugn prestegjeld i 1879 og restaurert. |
Kyrkjegard: | Rundt kyrkja |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkja |
Bispedøme: | Møre |
Prosti: | Søre Sunnmøre |
Prestegjeld: | Volda |
Fellesråd: | Volda |
Sokn: | Austefjord |
Arkitekt: | Gjert Lien, Nordfjord |
Teknikk: | laft |
Materiale: | tre |
Takryttar: | ja |
Kor: | ja |
Døypefont: | Johans og Anders Langvatn i 1954 |
Altartavle: | 1908, Sjøholm |
Orgel: | 1909, skifta ut 1954, på orgelgalleri i vest |
Sitteplassar: | 150 |
Anna informasjon: | Opphaveleg Nes kyrkje, Bjugn prestegjeld |
Austefjordkyrkja stod opphavleg som Nes kyrkje i Bjugn prestegjeld. Bygdefolket i Austefjorden kjøpte ho for 2 800 kr. Kyrkja vart henta i april 1879. Samstundes vart ho restaurert og stod ferdig på Fyrde i november same året[1]. Mykje inventar følgde med kyrkja frå Nes, men etter kvart er det meste bytta ut. Kyrkjeklokka var ny og er frå 1879. Kyrkja fekk sitt fyrste orgel i 1909, men det vart skifta ut i 1954. Altartavla er måla i 1908 av kunstmålar ? Sjøholm. Kyrkja har vore vølt mange gonger [2].
Bilde frå Austefjord kyrkje
Kjelder
Eksterne lenker
- Tore Aarflot: «Austefjord kyrkje hadde sitt første liv som Nes kirke», med m.a. dronefilm i Møre 25. desember 2015. Vitja 21. januar 2018.
- Austefjord kyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
Austefjord kyrkje er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |