Møre (avis)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Møre er lokalavis for Volda kommune, etablert i 1902 (prøvenummer 13. desember) av Maurits Aarflot d.y. Avisa reknar seg som eit framhald av fire eldre publikasjonar: Norsk landboeblad (første utgåve 2. januar 1810) - Landboeavisen (første utgåve tidleg i 1833) - Postbudet (første utgåve 1. mars 1845) - Ugebladet (første utgåve 6. oktober 1888).
Med røter attende til 1810 er altså Møre den eldste avisa på landsbygda i Noreg, og den nest eldste i det heile, etter Adresseavisen.
Nokre utklipp (avskrifter) frå Møre finn du her.
Kjelder
- Fet, Jostein 2006: Eksetiana. Aarflot Prenteverk 1809-1935. Det Norske Samlaget.
- Sande, Øystein: artikkelserie om trykkeri- og avishistoria på heimesida til Møre
Møre (avis) er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |