Austmannalaget

Austmannalaget er ein målsamskipnad som vart stifta i 1899. I dag (2013) er Austmannalaget fylkeslag i Noregs Mållag for Hedmark og Oppland utanom Valdres. Frå fyrst av arbeidde samskipnaden over store delar av Austlandet. Da Noregs Mållag vart skipa i 1906, inngjekk Austmannalaget som det fyrste fylkeslaget der, og verkeområdet vart altså sidan avgrensa til dei to innlandsfylka. Lokale mållag i distriktet kunne vere direkte tilslutta Austmannalaget, eller via større målringar som Dølaringen.

Skipingsmøtet fann stad på Elverum den 7. januar 1899. Det fyrste styret bestod av O.A. Eftestøl (leiar), Olav Åsmundstad, Ivar Mortensson, Th. Thomassen og Vetle Vislie.

Laget valde i 1921 ei nemnd for å «fyrebu eit landsgymnas for Hamar bispedømme», noko som var det fyrste initiativ som etter kvart førte fram til skipinga av Gudbrandsdal landsgymnas i 1946.

I 1921 oppretta Austmannalaget eit permanent sekretariat, Opplandske målkontor, som var verksamt iallfall til ut på 1960-talet. Ein sentral mann bak dette tiltaket var Jakob Haraldseid, som også hadde vore med blant innbydarane og skiparane av Austmannalaget i 1899.

Leiarar i Austmannalaget

År Leiar
1996 Sæbjørn Forberg
1997 Kirstine Prestmoen Tallerås
1998 - 1999 Arne Skuterud
2000 - 2002 Trond Klaape
2003 - 2004 Ingen leiar
2005 - 2007 Kirstine Prestmoen Tallerås
2008 - 2011 Atle Brandsar
2011 - 2013 Even Lusæter
2013 - Helen Johannessen


Austmannalaget deler ut to prisar: Austmannaprisen og Dialektprisen.

Liste over prisvinnarar

År Pris Prisvinnar
2000 Austmannaprisen Kirstine Prestmoen Tallerås
2002 Dialektprisen Odvar Nordli
2003 Austmannaprisen Jon Løyland
2005 Austmannaprisen LoMsk
2005 Dialektprisen Per Arne Glorvigen
2006 Austmannaprisen Brita Skre
2007 Austmannaprisen Per Åsmundstad
2008 Dialektprisen Guren Hagen
2009 Austmannaprisen Olaf Nøkleby
2010 Austmannaprisen Magnhild Bruheim
2013 Dialektprisen Narum (band)
2014 Austmannaprisen Fjuken (avis)
2016 Autmannaprisen Jan Terje Faarlund
2017 Dialektprisen Reidar Kjæstad
2018 Austmannaprisen Jens Haugan

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!