Fjuken
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fjuken er lokalavis for Ottadalen, det vil seie Skjåk, Lom og Vågå. Avisa kom ut med sitt fyrste nummer i april 1989, med Finn Sandum som redaktør. Han slutta etter eitt år, og Hans Sæther kom inn som økonomiansvarleg og redaktør. I 1995 vart Asta Brimi redaktør i Fjuken, men ved årsskiftet 2015/2016 tok Hans Erik Kjosbakken over.
I 2014 fekk Fjuken Austmannaprisen, heidersprisen åt Austmannalaget.
Kjelder og litteratur
- Fjuken, 20. februar 2014: «Austmannaprisen til Fjuken».
- Fjuken, 10. april 2014: Jubileumssider.
- Fjuken, 22. desember 2015: «Ny redaktør».
|