Bø Handelsforening

Bø Handelsforening blei etablert i 1892.[1] Forretninga låg i Bøgata 31, og bygningen husa seinare Bø Landmannsforretning.[2]

Bøgata 31, slik bygningen ser ut i dag.
Foto: Roy Olsen (2017).

Med på skipinga av handelsforeininga var Halvor Borgen, Gunnulv Staurheim, Hans J. Bø og Halvor Klasson Eika. Dei var alle storbønder, og forretninga blei difor kalla "kaksebua" på folkemunne. Gata der forretninga låg blei kalla "Kaksegata".[3]

Foreininga fekk tomt attmed Bø Meieri, og legde byggmeister Halvor Stadskleiv til å setje opp bygningen. Bygningen blei fråskilt meieritomta i 1901, og fekk då namnet Gimle.

Olav Ajer frå Lunde var den fyrste styraren av forretninga. Etter han fortsatte Kristen Grivi som styrar, men han starta snart opp for seg sjølv på Frøyatun. Olav Ajer d.y tok deretter over forretninga.

I 1913 kjøpte Arne Obrestad Bø Meieri. Han kjøpte seg samstundes inn som deleigar i handelsforeininga, og blei samstundes styrar.

Kring 1929/1930 blei handelsforeininga avvikla. Då legde Bø Samvirkelag lokala ei stutt tid. I 1931 kjøpte Kittil og Rollef Flathus frå Sauherad lokalet, og starta opp Bø Landmannsforretning.

Arkiv

Arkivet etter Bø Handelsforening er ordna ved Bø Museum. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.

Referansar

  1. Lunde, 1972, s. 311. I fylgje Olav Kvaalen blei ikkje forretninga bygd før i 1896/97.
  2. Lunde, 1972, s. 311.
  3. Kvaalen, 1981, s. 39.

Kjelder