Bø Meieri (Bø i Telemark)

Bø Meieri vart stifta i 1895.[1] Meieriet låg på Solvang i Bøgata (Bø i Telemark) 27 i i Telemark.

Bø Meieri, truleg på 1940-talet.
Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Historikk

Tomta til meieriet blei skild frå Prestegarden i Bø i 1900. Den fyrste driftsbygning blei sett opp allereie då meieriet blei stifta i 1895, men denne brann i 1901. Ein ny bygning, Solvang, blei straks sett opp.

Hovudproduksjonen i Bø Meieri var mjølk og heilfeit gaudaost, men det blei også produsert smør, fløte og anna ost. Både bygningane og maskinene i meieriet blei modernisert fleire gonger. I 1931 fekk m.a. meieriet større lager og eit moderne kjølerom.

I 1927 blei meieriet forandra til andelsselskap med gardbrukarane i Bø som andelseigarar. I 1946 hadde meieriet 338 andelseigarar som til saman utgjorde 118.639 kr i andelskapital. Omsettinga i 1946 var på 700.000 kr. Mjølkerekorden blei satt i 1939 med heile 2,6 millionar kilo mjølk.

17. februar 1979 blei drifta lagt ned og eigedomen selt.

Bø Meieri fekk fyrste plass blandt alle landets meieri når det gjaldt heilfeit gaudaost i 1939.[2] Meieriet låg også på topp i landet kva gjaldt smørproduksjon.[3]

Arkiv

Arkivet etter Bø Meieri er ordna ved Bø Museum. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.

Eksterne lenker

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 136.
  2. Sætherskar, 1949, s. 329.
  3. Sætherskar, 1949, s. 723.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.