Barmen Sagbruk

Barmen Sagbruk ble grunnlagt i 1931 av Jørgen Nilsen som dreiv bedrifta fram til januar 1944. Då tok Olav H. Tangen over bedrifta, og dreiv den i fleire år framover. Bedrifta og saga er forsatt i drift.

Barmen Sagbruk.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Sagbruket ligg i Barmsøyveien 10 ved Fossingfjorden i det dåverande Skåtøy kommune, nå ein del av Kragerø kommune, og dreiv kassefabrikasjon i tillegg til vanleg sagbruksdrift. Til saga vart det nytta ein Slavia dieselmotor.[1] Saga skar bord, boks, batings, lekter og liknande. Produksjonskapasiteten var på om lag 1700 m3 kring 1950, og bedrifta sysselsette tre arbeidarar. Produkta vart solgt direkte til kundane.

Olav H. Tangen dreiv Barmen Sagbruk frå 1944.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Kjelder

  • Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Referansar


Koordinater: 58.92699° N 9.47323° Ø