Ein bekre er eit hanndyr av sau og svarar til vêr, sauebukk og liknande i andre dialektar. I forma bekre blir ordet bruka i Glåmdalen og TrysilAustlandet, på Nordmøre og i Romsdal i Midt-Noreg og på Sunnmøre og i NordfjordVestlandet. Kring Numedal og Telemark blir det gjerne sagt bekar, bøkår og liknande.

Nemninga har òg vore brukt om «en tvær og egensindig Person».

Referanse

Aasen, Ivar: Norsk Ordbog med dansk Forklaring 1873 og seinare utgåver.