Bergevegen (Seljord)
Bergevegen i Åmotsdal sentrum i Seljord kommune går vestover frå Åmotsdalsvegen til garden Bergsgrave (Grave), gnr. 126/3. Det går og ei grein av vegen søraustover langs Åmotsdalsåi med fire bustadhus og eit næringseigedom. Bergevegen går for ein stor del i jordbrukslandskap.

Bergevegen sett austover mot Åmotsdal sentrum.
Foto: Roy Olsen (2021).
Vegen har namn etter Bergegardane (gnr. 126) og vart namnsett i 2005.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no